Alle kommende byggeprosjekter i Vestnes

Nye bustadtomter nær Tresfjord sentrum i Vestnes kommune
8 tomter, varierende storleik: 900-1600 m2.
Nybygg av reservekraft for beboere og institusjoner i Vestnes
På Myraområde er det eit gammalt nødaggregat som må skiftast ut. Det visast til overordna ROS-analyse i 2022, behandla i kommunestyret 23.03.2023 (KST-16/23). Kommunedirektøren føreslår å leige inn kompetanse i 2024 for å vurdere fleire mindre reservekraftanlegg knytt til bygg der det bur sårbare grupper, eventuelt eit felles anlegg for området. I dette arbeidet må det utarbeidast eit grunnlag for ei seinare anskaffing og gjennomføring. I økonomiplanperioden er det difor lagt opp til kartlegging i 2024, og deretter ei gradvis utskifting i åra etter. Det blir føreslått ei total kostnadsramme på 4,8 mill. kroner i økonomiplanperioden.
Nybygg av vegbru på Talberg i Vestnes
Vegbrua på Talberg er ei gamal bru, som er oppbygd av stålbjelkar og tredekke som har noko usikker kvalitet. I 2021 blei det utført spesialkontroll og klassifisering. Konklusjonen blei at den fortsett toler Bk10/60 t, men at det bør gjerast noko med korrosjonen på stålkonstruksjonen. Aktuelle tiltak på kort sikt er å sprøyte synlege stålkonstruksjonar med rusthemmande olje. Men fortsett korrodering vil medføre redusert bereevne, så det bør leggast til rette for utskifting innafor økonomiplanperioden. Teknisk kan det vere aktuelt å erstatte brua med rør/kulvert (diameter 2,8 meter), i staden for å bygge opp ei ny tradisjonell bru. Tiltaket er lagt inn i 2026 og har ei estimert kostnadsramme på 2 mill. kroner.
Etablering av minnelund i Vestnes
Vestnes kyrkjeleg fellesråd har kome med søknad om ønska investeringsmidlar for å kunne etablere ei namna minnelund for urnegraver på Vestnes kyrkjegard.

Gratistilbud
til bedrifter!

Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.